Bedriftsbesøk på Midsund Bruk

Dsc01980
Dsc01980
Publisert: 12/12/2017

I lag med 10. klassingane på Midsund besøkt vi Midsund Bruk AS

Del gjerne:

Opplæringskontoret besøker i desember og januar mange ungdomskular og denne gongen var det 10. klasse på Midsund ungdomsskule som stod for tur. Elevane vart invitert på bedriftsbesøk ved Midsund Bruk der dei fekk omvising i bedrifta, og orientering om fagopplæring av oss på Opplæringskontoret i Haram. Med på laget hadde vi Marina Hole og Thea Sofie Risvik som arbeider som TAF-lærlingar i platearbeiderfaget på Midsund Bruk. Dei kunne fortelje elevane korleis TAF ordninga fungerer og kva arbeidet i bedrifta går ut på, og ikkje minst vise elevane rundt i bedrifta. Vi håper dette var ei nyttig økt for elevane og at dei no har fått eit endå betre grunnlag for å ta studievalet til våren.

 

Thea Sofie og Marina er TAF-lærlingar i platearbeidarfaget ved Midsund Bruk AS