Bedriftsbesøk på Valakers Bakeri

Ferdigsteikte knekkebrød vert handtert av ein flittig robot
Ferdigsteikte knekkebrød vert handtert av ein flittig robot
Publisert: 29/01/2018

Vi tok med lærlingane i automatiseringsfaget til Valakers Bakeri i Søvika

Del gjerne:

Tysdag 6.februar tok vi med våre lærlingar i automatiseringsfaget til Søvika for å besøke Valakers Bakeri. Her fekk lærlingane generell informasjon om bedrifta av Liv-Anette Valaker Røren, deretter vart det omvising med fokus på dei automatiserte produksjonsprosessane. Lærlingane fekk her lære meir om robotane sin funksjon og korleis desse vert brukt i bedrifta. Vi fekk mellom anna sjå korleis ein brukar robotar til produksjon og pakking av knekkebrød. Alf Røren kunne fortelje at det er mykje å spare på å få robotar inn i produksjonen, men at det også har vore ei utfordring å det til å fungere. Knekkebrøda er svært skjøre og det har vore mykje prøving og feiling før ein har komt dit ein er i dag, seier han. Han kan også fortelje at sjølv om ein har fått fleire robotar  produksjon, så har ein likevel behaldt arbeidsstokken. Robotar tek altså ikkje arbeidet i frå folk, men gjer drifta meir lønnsam slik at ein kan vekse og verte meir konkurransedyktig i marknaden. 

Alf Røren forklarer korleis dei brukar robotar i produksjon av knekkebrød

 

Klar for omvisning