Fagprøvesamling 2018

Klar for fag/svenneprøve
Klar for fag/svenneprøve
Publisert: 07/03/2018

Klar for fag- og sveineprøve !

Del gjerne:

Årets fagprøvesamling vart arrangert på Brattvåg hotell der 38 lærlingar fekk informasjon om fagprøva, jobbsøking og vidare utdanning. I år hadde vi lærlingar i 10 ulike fagområder som alle fekk orientering frå ein representant frå si prøvenemnda. Målet med samlinga er å gi lærlingane våre god informasjon om korleis fagprøva vert gjennomført og kva som vert forventa av dei, både praktisk og skriftleg. Det er også viktig at lærlingane får helse på prøvenemndene, og på denne måten bidra til å ufarleggjere prøvesituasjonen. 

Lærlingane fekk også orientering av Einar Myklebust frå Vard Brattvaag, der han snakka om behov for faglært arbeidskraft i åra framover. Det er stor aktivitet i våre medlemsbedrifter og behovet for fagarbeidarar er på veg opp. Mange av lærlingane vil i år få tilbud om fast jobb i bedrifta dei har vore lærlling i. Dette viser at bedriftene har tru på framtida, og at fagarbeidaren fortsatt vil ha ei vesentlig rolle i våre medlemsbedrifter. 

Etter at lærlingane hadde fått orientering om forskrift til fag- og sveineprøva, vart dei delt i fagområder og fekk informasjon med sine respektive prøvenemnder.

Thomas Dolpen informerer våre lærlingar i industrirøyrleggarfaget om fagprøva.
Thomas Dolpen informerer våre lærlingar i industrirøyrleggarfaget om fagprøva.
Lærlingane i platearbeiderfaget og i sveisefaget får orientering om fagprøva av Holger Dyrli.
Eivind Hagen frå NTNU i Ålesund
Vi fekk god informasjon om muligheitene som ligg i vidare utdanning. Begge representantane frå skulane har tidlegare vore lærlingar i Opplæringskontoet i Haram. Eivind som TAF-lærling ved Vard Søviknes, Ole Petter som TAF-lærling ved Vard Brattvaag.
Ole Petter Solmunde Remme, elev ved Teknisk Fagskole i Ålesund