Fagprøvesamling 2019

Fagprøvesamling 2019
Fagprøvesamling 2019
Publisert: 06/03/2019

Tysdag 5.mars arrangerte vi fagprøvesamlinga vår.

Del gjerne:

Omlag 40 lærlingar deltok på fagprøvesamlinga vår på Brattvåg Hotell i går 5. mars. Samlinga starta med informasjon om forskrift til fag/svenneprøve. Deretter vart lærlingane delt i grupper dei dei fekk snakke med medlemmar frå sine respektive prøvenemnder. Her fekk dei tips og råd om alle dei fire delane av fagprøva. Planlegging, gjennomføring, evaluering og dokumentasjon. 

Truls Martinussen og Sivert Austens får informasjon frå Vebjørn Strømsnes frå prøvenemnda i tømrarfaget
Truls Martinussen og Sivert Austens får informasjon frå Vebjørn Strømsnes frå prøvenemnda i tømrarfaget

I år hadde vi lærlingar i 9 ulike fagområder som alle fekk orientering frå ein representant frå si prøvenemnd. Målet med samlinga er å gi lærlingane våre god informasjon om korleis fagprøva vert gjennomført og kva som vert forventa av dei, både praktisk og skriftleg. Det er også viktig at lærlingane får helse på prøvenemndene, og på denne måten bidra til å ufarleggjere prøvesituasjonen. Vi har tidlegare i år hatt ei liknande samling for lærlingane i helse og oppvekstsfaga, og vi er svært takknemlege for at prøvenemdene tek seg tida til å delta på samlingane våre. 

Lærlingane fekk også orientering av Arve Krogsethagen frå Vard Søviknes, han snakka om behov for faglært arbeidskraft og karrieremuligheiter med fagbrev. Han la stor vekt på at det er mulig å få ei innhaldsrik karriere i bedrifta, sjølv om ein vel å ikkje ta meir utdanning. Ein kan komme langt med å vise interesse for faget og jobbe hardt.

Arve Krogsethagen informerte om muligheitene eit fagbrev kan gi deg.
Arve Krogsethagen informerte om muligheitene eit fagbrev kan gi deg.

Det er stor aktivitet i våre medlemsbedrifter og behovet for fagarbeidarar er stort. Mange av lærlingane vil i år få tilbud om fast jobb i bedrifta dei har vore lærlling i. Dette viser at bedriftene har tru på framtida, og at fagarbeidaren fortsatt vil ha ei vesentlig rolle i våre medlemsbedrifter. 

Etter lunsj fekk vi besøk av representantar frå NTNU i Ålesund og Teknisk fagskole som orienterte om muligheitene som ligg i gå vidare på skule etter endt læretid. Spesielt kjekt å få besøk av tidlegare lærling Thomas Sørgård, som kunne fortelje om sin skulekvardag på Teknisk Fagskole i Ålesund.

Arve Hoel frå Teknisk Fagskole orienterer om muligheitene på skolen.
Arve Hoel frå Teknisk Fagskole orienterer om muligheitene på skolen.

Til slutt gjekk vi gjennom resultata av lærlingundersøking og fekk ein fin diskusjon med lærlingane om kva dei synst har vore bra med læretida, og kva ein kan jobbe meir med. 


Vi satsar no på at alle lærllingane har fått den informasjon dei treng om fagprøva, og vi vil ynskje alle lukke til med gjennomføringa av prøva seinare i år!