Fylkesskulemeisterskapet

Premieutdeling med Emma Skarsbø Grytten og Vegard Kvamme som fekk første napp i vandrepokalen
Premieutdeling med Emma Skarsbø Grytten og Vegard Kvamme som fekk første napp i vandrepokalen
Publisert: 01/02/2017

Flott innsats av elevane som deltok på Fylkesskulemeisterskapet i Kristiansund

Del gjerne:

31. januar vart det arrangert Fylkesskulemeisterskap på Kristiansund vidaregåande skule. Vinnarane frå dei lokale skulekonkurransane  konkurrerte her i sveisefaget og i maskinering.

I sveisekonkurransen var oppgåva todelt, der elevane sveisa eit røyr med TIG og ei fuge med røyrtråd. Begge oppgåvene var relativt krevjande, men elevane meistra dette godt. Emma Skarsbø Grytten frå Haram vidaregåande skule meistra oppgåva aller best, og kunne til slutt ta i mot pokalen som vinnar av sveisekonkurransen.  

Vinnar av sveisekonkurransen, Emma Skarsbø Grytten frå Haram Vidaregåande skule

I maskinering var det Vegard Kvamme frå Romsdal vidaregåande skule som imponerte mest. Han fekk fullklaff på dreiinga og fekk bortimot maksimal score på oppgåva si. Han slår dermed følgje med Emma Skarsbø Grytten til Skule-NM på Lillehammer 26.-27. april, der dei skal kjempe om å norgesmeistertittelen. 

 

Vår mann, Anders Toven, nådde ikkje heilt opp i konkurransen, men kan likevel vere stolt over eigen innsats

Vår mann, Anders Toven, i aksjon i dreiebenken.

Nivået på arbeidet var høgt og dommarane lot seg imponere over kvaliteten.

Konkurransen vart avslutte med middag og premieutdeling i kantina. I tillegg til medaljer, diplom og gåvekort til medaljevinnarene, fekk deltakarane også ein bag og drikkeflaske levert av Tess.

Arrangementet vart arrangert som eit samarbeid mellomTIP-nettverket, dei vidaregåande skulane og opplæringskontora tilknytta TIP-nettverket. 

Vi takkar Kristiansund videregåande skule for ei flott gjennomføring av konkurransen og ynskjer vinnarane lykke til i Skule-NM.