Heidi Domaas vant NM i målarfaget 2017

Heidi Domaas Norgesmester 2017
Heidi Domaas Norgesmester 2017
Publisert: 23/10/2017

Heidi Domaas frå Malermester Martin Uggedal AS gjekk av med sigeren i NM

Del gjerne:

Etter fire dagar med intens jobbing var det altså Heidi Domaas frå Ålesund som trakk det lengste strået og vant NM i målarfaget 2017. Heidi har lagt grunnlaget for sigeren ved Malermester Martin Uggedal AS der ho no arbeider som lærling. Heidi seier i intervju etter konkurransen at ho er godt fornøgd med innsatsen og at ho har fått vist fram det ho kan. I tillegg er det fint å kunne vise fram faget sitt til heile bransjen her på messa, seier ho. 

Konkurransen gjekk føre seg på Bygg Reis Deg messa på Lillestrøm og det var mykje folk innom for å ta ein titt på deltakarane. Over 13 000 registrerte deltakarar. Det at at ein jobbar slik på "utstilling" kan vere krevjande, men Heidi takla dette godt og klarte å halde oppe konsentrasjonen heile veka. Oppgåva gjekk ut på å grunne, sparkle og måle vegg, listverk og ei speildør. I tillegg til å tapetsere ein vegg. Ein måtte også dekorere veggen med logoen til Bygg Reis Deg. I vurderinga vart det lagt vekt på planlegging, utføring, teknikk, HMS, framdrift og ryddigheit. Rett fargeval vart også vurdert. Her kan du sjå film frå premieutdelinga


I tillegg til heder og ære vant Heidi eit gåvekort frå XXl, ein stor verktøybag med mykje utstyr frå Jordan og Mal Proff. Ho har også kvalifisert seg til det nordiske mesterskapet i målerfaget som går av stabelen i august neste år i Helsingfors. 

– Konkurransen har vore ein kjempesuksess og det er svært mange som har komme innom og sett på underveis. Deltakerne har vore flinke og har fått arbeide under stort press, med mange tilskuarar. Vi er glade for å få vist oss fram for besøkande på messa, sier Stein Hesstvedt, administrerande direktør i MLF, Maler- og Byggtapetsermestrenes Landsforbund, som står bak konkurransen i samarbeid med bransjens leverandørar. Ein håpar at konkurransen er med å auke interessen for for faget og klarer å heve stausen til faget rekruttere fleire unge inn i yrket. 

Deltakarar, dommarar og arrangørar

Du kan lese meir om konkurransen her : bygg.nomlf.no