Instruktørkurs for helse og oppvekst

Dsc01744
Dsc01744
Publisert: 10/11/2017

9. november arrangert vi kurs for instruktørane våre i helse-og oppvekstsfaga.

Del gjerne:

Våre instruktørar er svært viktige for at lærlingane skal få den opplæringa dei har krav på. Vi arrangerer derfor kurs og samlingar for instruktørane, der dei får fagleg påfyll og muligheita til å diskutere og utveksle erfaringar med andre instruktørar. Torsdag 9. november arrangerte vi ei samling for instruktørane i helse- og oppvekstfaga. Tema for dagen var mellom anna instruktøren si rolle og oppgåver i fagopplæringa. Der fekk instruktørane diskutert korleis ein legg opp opplæringa til lærlingen og ein fekk utveksle erfaringar og idear. Vi fekk også besøk av representantar frå prøvenemnda i barn- og ungdomsarbeiderfaget og i helsearbeidarfaget. Dei orientert om fagprøva og korleis instruktørane på best mulig måte kan førebu lærlingane sine på fagprøva. Vi håper instruktørane hadde ein lærerik og kjekk dag i lag med oss og vi gler oss til neste samling.


Anette Drage informer om fagprøva