Karrieredag 2017

Kor går vegen vidare?
Kor går vegen vidare?
Publisert: 06/10/2017

5. oktober vart Karrièredagen 2017 gjennomført i Sparebanken Møre Arena

Del gjerne:

Karrièredagen er eit årleg arrangement der ungdommar på 10. trinn vert inviterte til å delta. Her fekk dei møte representantar fra ulike utdanningsinstitusjonar og næringsliv. Elevane fekk stille spørsmål og lære meir om dei ulike utdanningsprogramma. På TIP-standen fekk elevane, i tillegg til å stille spørsmål, prøve seg på ulike fagområde. Sveising i sveisesimulator, køyring av kran, skruing og bøying av røyr, styre robot og mykje meir. Her var det i hovudsak elevar og lærlingar innan TIP-faga som stod for demonstrasjon og opplæringa på dei ulike stasjonane. 

Petter viser korleis ein set saman ulike røyr

I år hadde vi også med ein lærling som stod på stand for Helse-og Oppvekstsfag.  I tillegg til å informere om livet som lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget, hadde William også ansvar for ei konkurranse der ein tippa sukkerinnhaldet i ulike produkt.  

Vi gjentok suksessen frå i fjor køyrde Kahoot-konkurranse der elevane fekk prøve seg på spørsmål som omhandla ulike tema innan vidaregåande opplæring. På ettermiddagen kom også dei føresette innom for å få meir informasjon om elevane sitt utdanningsval. Vi håper elevane no har fått ein bedre forståelse for muligheitene ein får innan dei ulike utdanningsprogramma.