Klare for Yrkes-NM

Glenn Thore og Fredrik får faglig påfyll før NM med Ole Ivar Lønnum som til dagleg er lærar på Haram vgs.
Glenn Thore og Fredrik får faglig påfyll før NM med Ole Ivar Lønnum som til dagleg er lærar på Haram vgs.
Publisert: 11/10/2018

Glen-Thore Aasen og Fredrik Sæter deltek på Yrkes-NM 2018

Del gjerne:

23-25. oktober vert Yrkes-NM arrangert på X Meeting Point Norway på Hellerudsletta like utanfor Oslo. Yrkes-NM er eit mesterskap der lærlingar, eller unge fagarbeidarar under 22 år, møtes for å konkurrere i sitt fag. I år er det 30 fagområder og omlag 300 deltakarar som skal konkurrere om heder og ære på Hellerudsletta.

I år sender vi to dyktige sveisarar frå Vard Søviknes til arrangemente, og desse to er no godt i gang med øvinga. Fredrik Sæter tok fagbrevet i sveisefaget hausten 2017, og har sidan jobba på Vard sitt verft på Søvikneset. Glen-Thore Aasen starta som lærling i sveisefaget på Vard Søvikneset i fjor haust, og er dermed relativt fersk i faget. Men med god innsats og god opplæring i bedrift har no ferdigheitene som skal til for delta i NM. Begge to har tidlegare vore gjennom kvalifisering til konkurransen, og no er dei altså klare til å konkurrere om å bli landets beste sveisar. 

Dei har no fått utlevert oppgåvene, så no er det mykje trening på dei ulike oppgåvene som skal utførast. Sveisarane får ei omfattande oppgåve som inneber at dei må meistre dei fleste sveisemetodane. Dei skal kunne jobbe med både aluminium, rustfritt stål og svart stål og kunne sveise både plater og røyr med i ulike posisjonar. I tillegg til sjølve sveisinga må dei også montere ein tank, så dei må meistre enkel teikningslesing og kunne lese ulike sveisesymbol. Dei siste dagane har dei finpussa formen i lag med Ole Ivar Lønnum, som underviser i sveiseteknikk både på Haram vgs og gjennom Lønnum sveiseteknikk. 

Konkurransen går over tre dagar og dei skal konkurrere mot seks andre deltakarar frå resten av landet. Gutane gler seg og uansett resultat vil dette vere ei lærerik erfaring, og ikkje minst ei oppleving for livet. Vinnaren vil forøvrig få muligheit til å representere Noregs viktigaste landslag, Yrkeslandslaget, i Yrkes-VM som vert arrangert i Kazan, Russland i august 2019. 

Vi ynskjer dei lukke til i konkurransen og håper dei får ei positiv oppleving i Oslo.


Opplæringskontoret i Haram vil følgje konkurransen og komme med oppdateringar undervegs på vår facebokside. 

Du kan også lese meir om arrangementet på http://worldskills.no/