Kvalifisering til Yrkes-NM 2018

Fredrik og Glenn-Thore deltek i kvalifisering til sveisefaget.JPG
Fredrik og Glenn-Thore deltek i kvalifisering til sveisefaget.JPG
Publisert: 14/06/2018

Yrkes-NM 2018 vert arrangert i Oslo i oktober, kvalifiseringa er no gang.

Del gjerne:

23-25. oktober vert Yrkes-NM arrangert på X Meeting Point Norway på Hellerudsletta like utenfor Oslo. Nokre av våre lærlingar deltek i desse dagar i ulike kvalifiseringsrunder. Først ute var Glen-Thore Aasen og Fredrik Sæter frå Vard Søviknes, som i dag har delteke i kvalifisering i sveisefaget. Neste veke sender vi to lag til Strømmen, der dei vil prøve å kvalifisere seg i automatiseringsfaget. Desse lærlingane arbeider til dagleg i Rolls-Royce Marine på Longva og på Ulmatec Pyro i Søvika. Vi skal også ha ein industrimekanikar frå Rolls-Royce Marine i Brattvågen som vil prøve å kvalifisere seg i løpet av neste veke. 

Vi ønsker alle lukke til med kvalifiseringa og håper sjølvsagt at vi skal få gjennom nokre av kandidatane til Yrkes-NM til hausten.