Lærlingesamling-helsearbeidarfaget

Annette Drage informerer om fagprøva
Annette Drage informerer om fagprøva
Publisert: 09/01/2019

Lærlingsamling med fokus på faglig refleksjon og førebuing til fagprøve

Del gjerne:

Tysdag 8.januar gjennomførte vi lærlingsamling for våre lærlingar i helsearbeidarfaget på Brattvåg Fjordhotell. Dagen starta med gjennomgang av dei fire delane av fagprøva. Vi hadde her besøk av Annette Drage som er leiar av prøvenemnda i faget. Lærlingane fekk mykje informasjon både om den skriftlege og praktiske gjennomføringa av prøva, og nyttige tips til kva som er lurt å førebu seg på til fagprøva. I tillegg gjekk vi gjennom lover og føreskrifter knytt til fagprøva. 

Etter lunsj vart lærlingane sett saman i grupper og fekk jobbe med den skriftlege delen av fagprøva. Lærlingane jobba då med å finne ut kva som bør vere med i planleggingsdelen, og korleis ein kan skriv dette til ei fagprøve. Her vart det sett fokus på kor viktig det er å grunngi dei faglege vala sine, altså forklare kvifor ein gjer som ein gjer. Dette er svært viktig på fagprøva.

Gruppearbeid etter lunsj
Gruppearbeid etter lunsj


Lærlingane var engasjerte og flinke og hadde mange gode spørsmål gjennom heile økta, og vi sitt att med eit inntrykk av at dette var ein lærerik dag for oss alle.