Med Opplæringskontoret i ryggen.

Med opplæringskontoret i ryggen
Med opplæringskontoret i ryggen
Publisert: 05/09/2018

Tradisjonen tru deler Opplæringskontoret ut kjeledressar til VG1 TIP på HVS

Del gjerne:

Vi har i dag levert ut kjeledressar til VG1 TIP på Haram Vidaregåande skule. OKIH har eit godt samarbeid med Haram vgs på mange områder, og mange av våre lærlingar vert rekruttert frå skulen. Å knyte skule og bedriftene saman er viktig for å kunne sjå det fireårige opplæringsløpet i samanheng. Vi er difor glade for å kunne sponse denne flotte gjengen med nye kjeledressar, som vi håper dei vil ha glede av på verkstaden. Behovet for faglært arbeidskraft er aukande i vårt distrikt, så i håper sjølvsagt at vi ser att desse friske ungdommane som lærlingar i våre medlemsbedrifter om to år.

Vi ynskjer elevane lukke til med skuleåret og håper dei får ei lærerik tid på skulen, og ikkje minst i praksis ute i dei lokale bedriftene.

 

Stramme kara i nye kjeledressar
Stramme kara i nye kjeledressar