Ny fagmann på Vard Accommodation AS

Sebastian S Lid
Sebastian S Lid
Publisert: 02/06/2017

Sebastian Sjåstad Lid er ein av mange som i desse dagar går opp til fag- eller sveineprøve.

Del gjerne:

Vi er no inne i ei hektisk tid der mange av våre lærlingar snart skal ta til på fag- eller sveineprøva. Sebastian Sjåstad Lid er derimot er ferdig med si prøve, og kan stolt ta i mot blomster og gratulasjonar frå Opplæringskontoret i Haram etter å ha bestått  sveineprøva i trevare- og bygginnreiingsfaget. Han tok til på prøva 9.mai og etter hektiske arbeidsdagar, med både planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av prøven, kan han no altså titulere seg som trevaresnekkar. 

Sebastian med vindauget som vart montert i lugaren

Sveineprøva til Sebastian gjekk ut på å innreie ein lugar. Han har mellom anna montert alt av møblar, montert takplater og lugarvindauget. Han har også stått for listing og diverse merking på lugaren. Det er svært strenge kvalitetskrav til sjølve innreiingsarbeid, men også tid spelar ei viktig rolle på prøva. Og som mange andre lærlingar, merka Sebastian tidspresset i arbeidet med prøva. 

Produksjonssjef Siv Brudevoll kan gratulere Sebastian med vel utført fagprøve

Sebastian er forøvrig den første lærlingen i våre medlemsbedrifter som går opp i  trevare-og bygginnredningfaget. Mangel på rett VG2-linje i distriktet gjer at Sebastian har forlenga læretida med seks månadar, og har gjennomført ein teorieksamen før han kunne gå opp til sveineprøva. Dette var derimot ikkje noko hinder for Sebastian, som no er komt til vegs ende og kan gå ut i arbeidslivet med eit gullkanta sveinebrev.