Oppstart for nye lærlingar

Opplæringskontoret i Haram
Opplæringskontoret i Haram
Publisert: 29/08/2017

Heile 50 nye lærlingar har no tatt til på ei lærerik og spennande læretid.

Del gjerne:

Også i år har våre lærebedrifter tatt ansvar og Opplæringskontoret i Haram har snart signert femti nye lærekontraktar. Dette er vi svært fornøgde med og viser at at bedriftene våre har tru på ungdommen og framtida. Vi har så smått kome i gong med kursaktivitet. Kurs i varme arbeid vart gjennomført 29.august. 

5.-6. september inviterer vi alle lærlingane våre til samling i Valldalen, der vi mellom anna skal gjennomføre oppstartsamling for dei nye lærlingane, delta på ulike foredrag og sjølvsagt ta ein tur i Valldal Aktivitetspark. Vi håper dette vert eit lærerikt og kjekt lærlingtreff.