Oppstartssamling for nye lærlingar

.
.
Publisert: 25/08/2016

Vi gler oss saman med dei 45 nye lærlingane som har fått seg læreplass i våre medlemsbedrifter.

Del gjerne:

23. august samla vi 45 kjekke ungdommar til samling i ID Huset i Brattvåg. Styreleiar Lars Kaggerud opna samlinga med å gratulere lærlingane med lærekontrakt, og oppfordra dei til å ta vare på sjansen dei no har fått. Vi fekk også besøk av Roy Arild Tvedt frå Utdanningsavdelinga som informerte om opplæring i bedrift. Lærlingane fekk elles informasjon om opplæringskontoret si rolle og kva våre oppgåver er.

Etter lunsj fekk lærlingane fortelje om sine forventningar til læretida, og kva dei såg fram til når dei no skal ta til på læretida. Mange såg fram til å få lære faget sitt, og ikkje minst tjene sine eigne pengar. 

Lærling Alexander Fosøen i Vard Accommodation fortalte om erfaringane sine med å flytte til ein ny stad og starte som lærling. Med si positive innstilling har han glidd godt inn i både miljøet og bedrifta. Han poengterte at ein ikkje vert kjent med folk om ein ikkje tek initiativ sjølv, så det er berre å komme seg ut å prate med folk.

Vi håper samtlige hadde ein kjekk og lærerik dag og ynskjer alle lykke til med læretida!Roy Arild Tvedt orienterer om opplæring i bedrift

Roy Arild Tvedt orienterer om opplæring i bedrift

Alexander Fosøen fortel om sine erfaringar så langt i læretida

Alexander Fosøen fortel om sine erfaringar så langt i læretida