Orientering om simulering

Lærlingar på Rolls Royce Automation, Longva
Lærlingar på Rolls Royce Automation, Longva
Publisert: 23/12/2016

Flott orientering på Rolls Royce Marine AS, Automation Longva

Del gjerne:

Tysdag 20.desember fekk vi ei flott orientering om simuleringsteknologi på Rolls Royce, Automation, Longva. Lærlingane har jobba mykje med dette prosjektet og det var nettopp dei som presenterte prosjektet til oss på Opplæringskontoret i Haram, og Guttorm Ulla på Haram Næring og innovasjonsforum. Lærlingane forklarte korleis denne teknologien kan bidra til ein meir økonomiske drift av båten. Både gjennom lågare drivstoff-forbruk og gjennom å gjennvinne mykje av varmen som vert danna i forbrenningsmotorane. Dette kan då betre både økonomien og gi mindre utslepp frå båten. Vi fekk også kjennskap til korleis desse simuleringsprograma kan brukast i opplæring og bedrifta har eit tett samarbeid med aktuelle skular i nærområdet.

Stor takk til Jenny Grete Bjørdal Sylte, Jesper  Vos, Ole Marius Løndal, Mari Elinor Longva Haram og Kristjan Haidla for ei flott orientering.

Jenny Grete Sylte Bjørdal, som nettopp har bestått fagprøva, orienterer om simuleringsprosjektet ho har jobba med i læretida.

Jenny Grete Sylte Bjørdal, som nettopp har bestått fagprøva, orienterer om simuleringsprosjektet ho har jobba med i læretida.