Skole-NM 2017 på Lillehammer

Emma
Emma
Publisert: 27/04/2017

Skule-NM blei arrangert for første gong 26-27.april 2017 med 25 ulike yrkesfag.

Del gjerne:

Arrangementet er eit ledd i skuleprosjektet som WorldSkills Norway står bak og som har fått midler frå Kunnskapsdepartementet. Konkurransane blir arrangert på 8 ulike skular i dei tre fylka Oppland, Hedmark og Sør-Trøndelag. Emma Skarsbø Grytten er Taf-elev ved Haram vgs. Ho er frå hausten lærling ved Vard Søviknes. Ho kvalifiserte seg til Skule-NM i sveising gjennom eit fylkesmeisterskap ved Kristiansund vgs tidligare i år.Emma gjorde ein flott innsats, men nådde ikkje heilt til topps denne gongen.  Av dei fjorten deltakarane var det til slutt Franz August Lauritz, Bamble vgs, Telemark som kunne juble over å ha vunne NM-tittelen. Sebastian Johnsrud Sundby frå  Åssiden vgs, Buskerud og  Jonas Hamre, Eid vgs, Sogn og Fjordane blei nr. to og tre. Du kan sjå resultata frå alle øvelsane her.


Les meir http://worldskills.no/skolemes...  eller på vår facebookside