Skulebesøk

Marita Vassgård, lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget, orienterer på Harøy ungdomsskule
Marita Vassgård, lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget, orienterer på Harøy ungdomsskule
Publisert: 04/12/2018

Opplæringskontoret orienterer 10.klassingane om fagopplæring.

Del gjerne:

Vi har den siste tida vore på fleire skulebesøk. 27. november var vi på Ørskog Ungdomsskule og 28. november var vi i Tomrefjorden. Denne veka har vi vore Harøya og møtt 10. klassingane der. Vi skal i tillegg innom Vatne, Midsund, Brattvåg og Haramsøya.

Mange av elevane er ikkje klar over alle muligheitene ein har om ein vel yrkesfag, og dette prøver vi å informere om på desse besøka. Vi har med oss  flinke lærlingar som snakkar om sitt yrke, og kva arbeidsoppgåver dei utfører i sine bedrifter. Lærlingane fortel også litt om kva utdanning dei har tatt og kvifor dei valgte som dei gjorde. Mange av elevane er usikre på kva utdanningsprogram dei skal velje, og kva dei ulike yrka inneber. Vi trur derfor at det kan vere nyttig å få besøk av lærlingane våre som kan fortelje litt om deira kvardag ute i bedriftene, og korleis det er å vere lærling.   

Sander Hagseth, lærling ved IP Huse på Harøya
Sander Hagseth, lærling ved IP Huse på Harøya


Elevane har også fått høyre om lærlingane sine rettar og plikter, og korleis ein skal gå fram for å skaffe seg læreplass. Lite fråvær og god innsats i praksisperiodane er viktige stikkord. Vi håper at dette kan bidra til å gjere utdanningsvalet noko lettare, og at vi ser att ein del av desse ungdommane som lærlingar i våre medlemsbedrifter om nokre år.