Skulebesøk på Marine Ingredients AS

Sveinung Hellem Orienterer
Sveinung Hellem Orienterer
Publisert: 23/06/2017

Vg2 kjemiprosessfag frå Fræna vgs vitja Marine Ingredients AS

Del gjerne:

Mandag 19.juni fekk Marine Ingredients AS og Opplæringskontoret i Haram besøk av elevar og lærarar frå Vg2 kjemiprosessfag på Fræna vgs. Etter ein god lunsj på Brattvåg Hotell gjekk turen vidare til Kompetanseparken, der elevane fekk ei orientering om Marine Ingredients si verksemd, og bedrifta si historie her i Brattvågen. Elevane fekk også høyre om den omfattande kvalitetssikringa som ligg bak før ein kan sende produkta ut på marknaden. Vi tok deretter turen til fabrikken der elevar og lærarar fekk omvising av Sveinung Hellem og William Breivik.

Elevane fekk sjå at hygiene og HMS står sterkt i bedrifta og vart utstyr med både kvite frakkar, luer og skjeggbeskyttelse.

Wiiliam Breivik orienterer elevane om bedrifta si virksomhet her i Brattvåg

Ellers fekk dei innføring i dei ulike prosessane og produksjonen frå råvare til ferdig produkt. Elevane ga uttrykk for at omvisinga var lærerik og at dei var positivt overraska over det dei hadde fått sett. Etter endt omvising vart det tid til litt prøvesmaking og det verka som om dei vart positivt overraska over smaken. Vi på Opplæringskontoret håper turen gav mersmak og at elevane får opp augene for dei flotte bedriftene vi har her i Haram.