Skulekonkurranse under open skule ved Haram vidaregåande skule 31.01.2019

Alle Deltakere Og Vinnere
Alle Deltakere Og Vinnere
Publisert: 01/02/2019

Uttakskonkurranse til fylkesmesterskap innan TiP-faga vart arrangert i samband med open skule ved Haram vgs 31.01.2019.

Del gjerne:

 Det var 14 elevar frå vg2 Industriteknologi som deltok innan tre fagområder- sveis, manuell maskinering og industrimekanikarfaget. Det var stort engasjement og konsentrasjon under konkurransen av alle deltakarane. Alle elevane gjorde ein god innsats. Vinnaren av konkurransen i sveis vart Ole-Martin Eidem Flem, i maskinering Joakim Andre Brox og Espen Longva Dybvik i industrimekanikarfaget. Desse er no kvalifisert til Fylkesmesterskap ved Romsdal vgs 14.februar. Om ein vinn der er ein kvalifisert til SkuleNM i april.

Eit solid dommarpanel sørga for bedømminga. Dommarane var henta inn frå våre medlemsbedrifter  og har  solid kompetanse i faga. Ekstra kjekt var det at bronsevinnar  i yrkesNM i sveis 2018 og tidlegare norgesmester i industrimekanikerfaget stilte opp som dommarar. 

Sjå fleire bilete på vår facebookside.