Skulekonkurranse ved Haram vgs.

Tuva og Lima Brian
Tuva og Lima Brian
Publisert: 18/01/2018

Haram vgs har gjennomført skulekonkurranse i sveis og maskinering.

Del gjerne:

Onsdag 17.1 arrangerte Haram vidaregåande uttaks konkurranse til Fylkesmesterskapet. Det vart konkurrert i manuell maskinering og sveising, og vinnarane går vidare til Fylkesmesterskapet som vert arrangert på Borgund vgs 31. januar. Vinnaren der vil vere kvalifisert til Skule NM som vert arrangert i 26. og 27. april på Hamar. Vinnarane denne gongen vart Tuva i sveising og Lima Brian i maskinering. Premieseremonien vart lagt til kantina der det også vart servert pizza til alle deltakerane og elvane på Vg2 Industriteknologi. Vi takkar alle involverte for ei vellykka gjennomføring og ønker vinnarene lykke til på Fylkesmesterskapet.

Ein flott bukett elevar og lærarar
Tuva klar til sveising
Lima Brian djupt konsentrert