Snart klar for fag/sveineprøve.

Dsc08485
Dsc08485
Publisert: 15/03/2017

Tilsaman 36 lærlingar i 10 ulike fagområder fekk informasjon om fagprøva, om jobbsøking og vidare utdanning på lærlingsamling ved Brattvåg hotell 14.03.2017

Del gjerne:

Dei fleste av lærlingane skal opp til fag-/sveineprøve i løpet av vår og haust 2017. På samlinga fekk dei fleste møte ein representant frå prøvenemnda i sitt fag og fekk informasjon om korleis fagprøvene blir gjennomført.

Lærlingane får informasjon om forskrift til fag-og sveineprøva, får praktiske råd og ikkje minst så får dei helse på prøvenemndene.Det er av stor verdi at prøvenemndene så velvilleg stiller opp på desse samlingane!

Ei fagprøve består av planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og eiga vurdering. Lærlingane blei oppfordra til å trene på dette før fagprøva!


Mange av lærlingane skal ut på jobbmarknaden etter endt fagopplæring. NAV Haram orienterte om jobbsøking. For mange er det naturleg å søkje seg til meir utdanning. Arve Hoel frå Fagskulen i Ålesund og Ellen Torset og Eivind Hagen frå NTNU Ålesund orienterte om sine tilbod.

Dagen vart avslutta med informasjon frå Arne Tande frå Robotek AS om automatisering av industrien. Vi besøkte bedrifta og vi fekk innblikk i programmering av robot og 3D-printing.