Sveisekurs

Sveisekurs på Langsten
Sveisekurs på Langsten
Publisert: 24/11/2017

Opplæringskontoret i Haram arrangerer sveisekurs på Vard Langsten.

Del gjerne:

Lærlingane i sveisefaget og i industrirøyrleggarfaget deltek på sveisekurs på Vard Langsten. Kurset går over fire veker der lærlingane er på kurs torsdagar og fredagar desse vekene. Samtlege lærlingar skal opp til fagprøva til somaren og dei arbeider på Vard sine verft i Søvika, Brattvågen, Langsten og på Vard Piping.

Fokuset på kurset er å heve sveisekompetansen slik at dei står betre rusta til fagprøva. Kurset vil i hovudsak vere praktisk med fokus på sveising av svartstål og rustfrie røyr. Det vil også bli gitt opplæring i bruk av sveiseprosedyrar. Instruktør på kurset er Ole Ivar Lønnum som til dagleg er lærar på Haram vgs. og driv Lønnum Sveiseteknikk.

Kekia i godt driv med sveisinga.
Ole Ivar Lønnum demonstrer røyrsveising i "side inn" posisjon.