Teikningslesingskurs

Veiledning til karane på bakerste rad
Veiledning til karane på bakerste rad
Publisert: 27/03/2017

Teikningslesingskurs for lærlingar i platearbeidarfaget

Del gjerne:

Vi har i dag gjennomført teikningslesingskurs for våre lærlingar i platearbeidarfaget. Kurset vart gjennomført på Brattvåg Hotell, der instruktør Mads-Ole Winther Kristiansen frå IP-Huse, fekk dele sin visdom med tolv lærlingar frå våre medlemsbedrifter. Det er stor forskjell på kor mykje lærlingane arbeider med arbeidsteikningar i dei ulike bedriftene, og målet med samlinga var å gje lærlingane faglig påfyll i teikningsforståing. Dette vert spesielt viktig for dei av lærlingane som skal opp til fagprøve allereie til våren.


Vi håper dette var ei nyttig samling og noko lærlingane kan ta med seg i det vidare i arbeidet fram mot fagprøva.