Truckkurs

Truckkurs 2017
Truckkurs 2017
Publisert: 22/11/2017

Denne veka arrangerer Opplæringskontoret i Haram truckkurs

Del gjerne:

Vi arrangerer denne veka truckkurs for 10 av våre lærlingar. Det er Krogseth truckskole som gjennomfører kurset og målet er å gi lærlingane ei god teoretisk grunnopplæring i sikker bruk av truck. Her får dei lære meir om vanlege årsaker til ulykker, lover og foreskrifter, arbeidsutstyr, farleg gods og mykje meir. Lærlingane får også opplæring i trucken sin konstruksjon og verkemåte. Her får dei opplæring i mekaniske krefter, hydraulikksystem, elektrisitet, løfteutstyr, stabilitet og godshandtering. Kurset består av teoretisk og praktisk opplæring, der teorien har blitt gjennomført på Brattvåg Hotell og den praktiske delen har blitt gjennomført på Rolls Royce i Brattvåg. 

Jon Are Krogseth orienterer om truckens verkemåte og dei ulike funksjonane
Gjengen klar til den praktiske undervisninga på Rolls Royce i Brattvåg.