Uttakskonkurranse til Fylkesmesterskapet

Emma og Anders
Emma og Anders
Publisert: 26/01/2017

Emma og Anders klare for Fylkesmesterskapet i Kristiansund

Del gjerne:

Haram vgs har no gjennomført uttakskonkurranse i maskinering og i sveising, der vinnaren skal representere skulen på Fylkesmesterskapet i Kristiansund 31.januar. Vinnaren på Fylkesmesterskapet går i sin tur vidare til skule-NM som vert arrangert på Lillehammer 26. og 27. april. 

I sveisefaget vart det konkurrert i både røyrtrådsveising og TIG-sveising og vinnaren, Emma Skarsbø Grytten, viste at ho hadde god kontroll på begge sveisemetodane. 

Emma i gang med TIG-sveisinga

I klassen for maskinering var det Anders Toven som vant. Han fekk prøve seg på dreiing, fresing og gjenging. Dette meistra han så godt at han får representere Haram vgs på Fylkesmesterskapet. 

Konsentrasjon og nøyaktighet må til for å få eit perfekt resultat i dreiebenken

Skulekonkurransane skal vere med på auke motivasjonen til elevane og bidra til høgare kvalitet i opplæringa. Konkurransane kan også vere eit virkemiddel for auke statusen til fag- og yrkesopplæringa, og ikkje minst vise kor mange flinke ungdommar som satsar på eit yrkesfag.

Les meir om skulekonkurransar på worldskills.no 

Elevane i gang med å studere teikningane før dei tek til på oppgåva.

Elevane i gang med å studere teikningane før dei tek til på oppgåva.

Dommar Ole Ivar Lønnum inspiserer sveisarbeidet