Verdensdagen for mental helse

Verdensdagen
Verdensdagen
Publisert: 14/10/2016

Verdensdagen for mental helse vart markert 6. oktober.

Del gjerne:

Verdensdagen for mental helse vert markert kvar år i oktober, og i år tok Haram Mental Helse initiativet til å gjennomføre ei samling med lærlingane våre. Dagen har blitt utvikla i samarbeid med Opplæringskontoret i Haram, Rusteamet i Haram kommune og Haram Frivilligsentral. Nina Garshol, som er personal direktør og psykologspesialist ved Høgskulen i Volda, stilte som foredragshaldar og hadde det faglege ansvaret for dagen.

Etter ein god frukost på kulturkafeen torsdag 6. oktober, var formannskapssalen fullsatt av lærlingar frå Sandøy, Midsund, Haram, Tomrefjord og Skodje. Lærlingane var denne gongen samla for å lære meir om si eiga psykiske helse, med fokus på overgangen mellom skule og arbeidslivet. Overgangen frå den trygge kvardagen på skulen, til eit hektisk arbeidsliv kan for mange lærlingar vere stor. Mange flyttar på hybel, noko som gir større fridom, men også større ansvar.

Gjennom foredrag, arbeid med case og veggavis arbeidde lærlingane med ulike tema som omhandla psykisk helse. Fokus var å bli bevisst eigne følelsar og reaksjonsmønster, og få verktøy til å takle utfordringane sine. Kva skjer egentlig i kroppen når du er giddalaus?


Lærlingane fekk også lære om toleransevindauget. Å vere inne i toleransevindauget betyr at ein klare å føle klart og tenke klart. Enkle grep som nok søvn, rett kosthald og gode venner held deg inne i vindauget, medan det motsette vil gjere det vanskelig å tenke og føle klart. Her fekk lærlingane også lære meir om korleis rus kan påverke den psykiske helsa.

Vi håper lærlingane sat att med mykje god læring, og at samlinga kanskje kan vere med på å senke terskelen for å snakke med kvarandre om eiga psykiske helse.