Yrkes-NM 2016

Sondre i gang med TIG-sveisinga
Sondre i gang med TIG-sveisinga
Publisert: 21/10/2016

Sondre Samseth Orvik med flott innsats i Yrkes-NM

Del gjerne:

Yrkes-NM vert arrangert kvart andre år, og i år var det Bergen som var vertsby. Godt over 300 deltakarar i 25 ulike fag var representert, og blant desse var altså vår mann, Sondre Samseth Orvik. Han var ein av sju deltakarar i sveisefaget. Sondre arbeider til dagleg som lærling i industrirørleggarfaget på Vard Langsten i Tomrefjorden. Han har vist seg som ein svært dyktig sveisar og vart derfor meldt på til NM i sveisefaget. Han beit godt i frå seg, men nådde ikkje heilt opp på pallen denne gongen. Han kan likevel vere godt fornøgd med delt fjerdeplass. Førsteplassen vart i år delt mellom Jon Arne Hjelmstadbakk  frå Kværner Verdal og Alf Sundal frå Kværner Stord. Desse får representere Norges fargar i henholdsvis VM i Abu Dhabi i 2017, og EM i Gøteborg som går av stabelen i desember 2016. Bronsemedaljen gjekk til Robert Nessemo Sandnes frå Kværner Verdal. 


Deltakarane klare til innsats. Sondre nr. 2 frå venstre

Oppgåvene deltakarane måtte gjennomføre var svært varierte og krevjande, i tillegg fekk dei begrensa med tid så her måtte dei verkeleg stå på. Det vart stilt store krav til både planlegging og gjennomføring og oppgåvene testa deltakarane på både sveising, montering og teikningslesing. Alle oppgåvene vart vurdert visuelt og nokre vart også testa ved hjelp av røntgen. Tanken på bildet vart i tillegg trykktesta. Deltakarane var innom mange sveisemetoder, dei måtte mellom anna sveise både karbonstål, rustfritt stål og aluminium, dette vart gjort med både elektrodar, MIG, MAG og TIG. Så her måtte ein meistre det meste av det sveisefaget har å tilby. 

Sondre godt i gang med sveising av tanken.
Meir informasjon om Yrkes-NM og vinnarane i dei ulike faga finn du på www.worldskills.no