Yrkesfagenes år 2018

Yrkesfagenes år 2018
Yrkesfagenes år 2018
Publisert: 04/01/2018

Yrkesfagenes år 2018 - en informasjons- og omdømmekampanje.

Del gjerne:

Yrkesfagenes år 2018 er ein informasjons- og omdømekampanje på nett og i sosiale mediar som skal synliggjere aktivitetar knytta til yrkesopplæring og arbeidslivet. Kampanjen vil prøve å auke kunnskapen og bidra til å auke interessen for yrkesfag og arbeidsliv blant ungdom. Ein vil også jobbe for å få fleire lærebedrifter. 

Oppdraget blei gitt til WorldSkills Norway i oktober i år, i forbindelse med statsbudsjettet for 2018. Det er sett av 5 millionar kroner til Yrkesfagenes år 2018 og Skole-NM. Sekretariatsleiar Elisabeth Lange i WSN er svært fornøgd med oppdraget og kunne fortelle om rekordstor interesse for WSN sine eigne aktiviteter i 2018; Skole-NM 2018 i april og Yrkes-NM 2018 i oktober. Skole-NM er for elevar i videregåande skole og Yrkes-NM for lærlingar og unge fagarbeidarar.

I tillegg til kampanjenettsida yrkesfag.no som vert lansert 1. februar 2018, vert det lagt opp til ein del aktivitet på sosiale mediar. Kampanjen sine to offisielle hashtags er #yrkesfagenesår og #mittyrkesfag.  Det vert lagt opp til å dele gode historier om yrkesfag gjennom tekst, bilder og videoar – med særlig vekt på Facebook, Youtube og Instagram.

Les meir på worldskills.no