Bli medlemsbedrift

Bli lærebedrift
Bli lærebedrift

Bli medlemsbedrift

For å kunne ansette ein lærling må ein først verte godkjent som lærebedrift. Det gjer ein ved å søke til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke på godkjent søknadsskjema som du finn her. Godkjenning blir innvilga dersom bedrifta har relevante arbeidsoppgåver som gjer at lærlingen får opplæring i kompetansemåla i den aktuelle læreplanen. Bedrifta må også ha ein fagleg leiar som har ansvar for opplæringa i samsvar med opplæringslova. Når bedrifta er godkjent får du ei stadfesting og eit godkjenningsbevis. Du får også tilsendt eit flott merke som viser at di bedrift har lærling.     

                      Godkjent lærebedrift    

Læretida

Læretida er etter "hovudmodellen" to år i bedrift, der det eine året vert definert som eit opplæringsår, og det andre som eit verdiskapingsår. I praksis betyr det at lærlingen får meir opplæring i starten av læretida enn mot slutten. Dette viser seg også på lønnsstigen. Lærlingen får normalt  30 % av fagarbeiderlønn det første halvåret, 40 % andre halvår, deretter 50 % og til slutt  80% av fagarbeiderlønn siste halvåret.

Krav til bedrifta

For å kvalitetssikre opplæringa er det ein del krav til lærebedriftene.

  • lage ein intern opplæringsplan med utgangspunkt i læreplanen i faget. Planen skal vere ein konkret beskrivelse av kva slags arbeidsoppgåver lærlingen skal utføre i løpet av læretida.
  • tilby lærlingen eit godt arbeids- og læringsmiljø
  • gi personlig støtte, instruksjon og rettleiing i faget
  • ha eit system for planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa
  • gjennomføre vurderingssamtaler minst kvart halvår og dokumentere desse.
  • vurdere resultatet av opplæringa ved jamne mellomrom
  • utbetale lønn som avtalt i lærekontrakt/arbeidsavtale
  • melde lærlingen opp til fagprøve og legge til rette for gjennomføring av prøven.

Opplæringskontoret si rolle

Dersom bedrifta er medlem av Opplæringskontoret i Haram vil vi hjelpe til med fleire av punkta over. Vi vil i tillegg stå for føgjande:  

  • vi skriv lærekontrakter og melder lærlingen opp til fagprøve
  • vi står for det meste av papirarbeid og kontakt med utdanningsavdeling på fylkeskommunen.
  • vi bistår lærlingar og bedrifter ved fare for heving av lærekontrakta 
  • vi kallar inn og deltek på vurderingssamtaler, ser til at bedrifta følgjer opplæringslova og den aktuelle læreplanen.
  • vi hjelper til med å legge til rette for at lærlingen får dokumentere opplæringa si
  • vi held kurs for lærlingar og instruktørar
  • vi driv rekrutteringsarbeid på skular i nærområdet og informerer om fagopplæringa
  • vi lagar og lærlingpermar og instruktørpermar med nyttig innformasjon.

 

Økonomisk støtte

Lærebedrifter som har teikna lærekontrakt med lærlinger mottek tilskudd for opplæringa

Basistilskudd I utbetalast til lærebedrifta for lærlingar med rett til videregåande opplæring. Tilskuddet utbetalast for opplæringsåret, ikkje verdiskapingsåret. Tilskuddet til opplæring fordelast likevel over heile perioden. Det vil seie at eit tilskudd for tolv månaders opplæring fordelast over tjuefire månader.

Basistilskudd II utbetalast til bedrifter som tilset lærlinger som er over tjueen år, og som har all opplæringstid i bedrift. Ordninga gjeld også for lærlingar som tidligare har fått oppfylt retten til videregåande opplæring. Eit eksempel på dette er en lærling som har gått tre år på eit studiespesialiserende utdanningsprogram, og som seinare teiknar lærekontrakt med sikte på fag- eller sveinebrev. Lengda på læretida vil bli beregna i henhold til regelverket. I motsetning til basistilskudd I utbetalast basistilskudd II for både opplærings- og verdiskapningstid.

Ekstraordinært tilskudd til bedriftar som tek inn lærlingar og lærekandidater med særskilt behov. Denne tilskuddsordninga har til hensikt å stimulere bedrifter til å ta inn lærlingar og lærekandidatar som ikkje har utbytte av det ordinære tilbudet i lærebedrifta. Ofte vil dette gjelde lærlingar og lærekandidatar som har hatt spesialundervisning i skulen, men det er ikkje noko krav for å kunne søke om ekstraordinært tilskudd. Tilskuddsordningen gjeld også for kandidatar som har opplæringskontrakt og siktar mot praksisbrev. Det kan søkast støtte til ekstra personellressursar for å følge opp lærlingen eller lærekandidaten.

Nye lærebedrifter kan søke om stimuleringstilskudd. Dette er per i dag på 10 000 kr.

Korleis skaffe seg lærling

Det er fleire måtar å komme i kontakt med aktuelle lærlingar. Ein kan lyse ut stillinga som ei vanleg stilling som lærlingaene søkjer på. Ein kan også ta kontakt med oss på opplæringskontoret for å få lister på aktuelle søkjarar. I midten av mars er søkarlistene klare og vi kan formidle kandidatar. Den beste måten er kanskje å ta i mot elevar frå skulen når dei har utplasering i bedrift. Då vert du betre kjent med elevane, og har godt grunnlag for å vurdere om kandidaten er den rette for di bedrift.

Om di bedrift vil verte medlem i Opplæringskontoret i Haram, kan de nytte innmeldingsskjema under.

Innmeldingsskjema til OKHaram (Pdf)
Innmeldingsskjema til OKharam (Word)  

Lykke til med å tilsetje ein lærling!  


For meir informasjon sjekk desse lenkene, eller ta kontakt med oss på opplæringskontoret i Haram

www.mrfylke.no

www.lærlingløftet.no

www.udir.no/merkeordning