Annleggsgartnerfaget
Annleggsgartnerfaget

Anleggsgartnarfaget

Sist oppdatert: 26/05/2017

Som anleggsgartnar driftar og vedlikeheld du parkar, hagar og rekreasjonsområder.

Aktuelle arbeidsplassar

Som anleggsgartnar kan du få jobb både i offentleg sektor og i private føretak. I vårt område kan du arbeide i Haram Industrier eller i ute seksjonen i kommunane i området. Du kan også jobbe på idrettsanlegg.

Sentrale arbeidsoppgåver

Dagleg arbeid i anleggsgartnarfaget er bygging og vedlikehald av uteareal og tilrettelegging for leik, idrett og fritid for alle brukargrupper. Fagarbeidaren skal kunne leie og gjennomføre den praktiske delen av anleggsdrifta. Sentrale arbeidsområde er:

  • vedlikehald av grøntanlegg i alle årstider
  • vedlikehald av alle typar vegetasjonselement i ulike bruksområde
  • vedlikehald av slitedekke, til dømes asfalt, betong og grusplassar
  • vedlikehald av alle typar installasjonar for utebruk, til dømes leikeapparat, benker, skulpturar og gjerde
  • tilrettelegging for aktiv bruk og bevaring av natur, kultur og friluftsareal

Personlege eigenskapar

I dette yrket er det viktig at du er samarbeidsvillig og nøyaktig. Du bør ha sans for estetikk, praktisk handlag og like å arbeide ute.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Naturbruk / Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
  2. Vg2 Anleggsgartnar- og idrettsanleggsfag
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Les meir på: vilbli.no

Våre medlemsbedrifter