Automatiseringsfaget
Automatiseringsfaget

Automatiseringsfaget

Sist oppdatert: 24/05/2018

Du lærer å planlegge, montere, drifte og vedlikeholde automatiseringsanlegg. Det vil seie system som fungerer utan eller med lite menneskeleg hjelp.

Aktuelle arbeidsplassar

Som automatikar kan du få jobb i prosessindustri, mekanisk industri og i bedrifter som byggjer, reparerer og vedlikeheld automatiske prosessystem og maskiner.

Sentrale arbeidsoppgåver

Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir nytta i kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system. Automatikaren skal kunne utføre:

    • utføre installasjon, reparasjon, vedlikehald og feilsøking i industrielle og andre automatiserte lågspenningsanlegg
    • kalibrere måleutstyr og signalomformarar, og setje opp nødvendig kalibreringsbevis
    • reparere, skifte ut, justere og kontrollere alt materiell i automatiserte anlegg, mellom anna maskinell omarbeiding og samanføying
    • montere og byggje om i automatiserte prosessar eller elektromekaniske system
    • gjere nødvendige forandringar på styre- og forriglingssystem, og dokumentere dette
    • setje i drift og funksjonsteste til dømes automatiserte prosessar, robotar, maskiner og anlegg
    • optimalisere arbeidsprosessen og sjå potensial for betringar av prosesstyringa
    • følgje tryggleiksforskriftene og dokumentasjonsrutinane i bedrifta 

Personlege eigenskapar

Faget er tverrfagleg, og det er derfor viktig at du har god heilskapsforståing for prosessar og automatiseringssystem. Bedriftene treng medarbeidarar som forstår samanhengen frå idé til ferdig produkt. Det er òg viktig at du forstår og tek omsyn til behova til brukarane. Du må vere nøyaktig, ha godt handlag og vere interessert i teknologi.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Elektrofag / Vg1 Teknikk -og industriell produksjon
  2. Vg2 Automatisering
  3. Vg3 Automatiseringsfaget

Læretid: 1 1/2 år verdiskaping i bedrift

Du kan også velge TAF-elektro ved Haram vgs. Kombinasjon mellom skule og opplæring i bedrift gir fagbrev som automatikar  og studiekompetanse etter 4 1/2 år
 
Les meir på: vilbli.no

Våre medlemsbedrifter