Barne- og ungdomsarbeiderfaget
Barne- og ungdomsarbeiderfaget

Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Sist oppdatert: 12/01/2018

Ein barne- og ungdomsarbeidar jobbar med pedagogiske tilbod for barn og ungdom.

Aktuelle arbeidsplassar

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du få arbeid i barnehagar, barneparkar, skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar.

Sentrale arbeidsoppgåver

Barne- og ungdomsarbeidaren planlegg og vel formålstenlege pedagogiske metodar i arbeid med barn og unge i alderen 0–18 år. Sentrale arbeidsområde er:

  • planleggje, leie, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar for barn og unge
  • leggje til rette for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sitt funksjonsnivå og livssituasjon
  • bruke forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet
  • kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
  • samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • grensesetting, konfliktløysing og å vere en tydeleg vaksenmodell

Personlege eigenskapar

Det er viktig å kunne sette teoretiske kunnskapar om til praksis. Du må vere flink til å komme i kontakt med menneske, vere ansvarsbevisst og ha samarbeidsvilje, samhandlingskompetanse og observasjonsevne.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Helse- og oppvekstfag
  2. Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
  3. Vg3: Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Les meir på: vilbli.no

Våre medlemsbedrifter