Betongfaget
Betongfaget

Betongfaget

Sist oppdatert: 19/01/2018

Ein betongfagarbeidar produserer betongkonstruksjonar til bygg- og anleggsverksemd.

Aktuelle arbeidsplassar

Som betongfagarbeidar kan du få jobb i entreprenørbedrifter, kommunale etatar, Statens vegvesen, hos eigedomsforvaltarar, Statkraft eller murar- og tømrarmeistrar.

Sentrale arbeidsoppgåver

Ein betongfagarbeidar bygger støypeformer (forskaling), armerer og støyper  høghus, bruer og damanlegg. Betongfagarbeidarar brukar moderne teknologi, kreativitet og nøyaktigheit for å bygge konstruksjonar som toler enorme krefter. Arbeidet varierer frå enkelt, manuelt arbeid til bruk av avansert utstyr. Betongfagarbeidaren arbeider ut frå teikningar og arbeidsskildringar, og du må derfor kunne lese arbeidsteikningar og ha god forståing av konstruksjonar.

Sentrale arbeidsoppåver: 

  • fundamentering
  • forskaling og armering
  • utstøyping av betong, produksjon og montering av betongelement, betongrehabilitering
  • branntetting og fuging
  • teiknings- og konstruksjonsforståing
  • rigging og drift av byggjeplass

Personlege eigenskapar

Betongfaget krev sjølvstendige utøvarar som er kreative, nytenkjande og miljøbevisste. Du må òg kunne samarbeide med andre. Du må kunne arbeide planmessig og nøyaktig og ha godt handlag.

Utdanningsveg 

  1. Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
  2. Vg2 Byggteknikk
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Vår medlemsbedrift 

Trend Bygg AS