CNC-maskineringsfaget
CNC-maskineringsfaget

CNC-maskineringsfaget

Sist oppdatert: 26/05/2017

CNC-operatøren brukar datamaskin til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialer.

Aktuelle arbeidsplassar

Ein CNC-operatør arbeidar innan ei rekkje verksemder som mekanisk industri, kjemisk industri, oljeverksemd, skipsbygging og treforedling. Arbeidsplassar finst i store og små bedrifter som er høgt  spesialiserte for framstilling av nye produkt for mekanisk industri, og i verksemder for vedlikehald av utstyr i annan industri.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • mottak av materiale
  • bearbeiding og produksjon av detaljar av ulike materiale ved hjelp av manuelle og styrte verktymaskiner
  • val av skjereverkty og skjeredata
  • bruk av digitale hjelpemiddel til å utvikle og redigere program for styrte verktymaskiner samt informasjons- og administrasjonssystem
  • vedlikehald av maskiner og tilhøyrande utstyr

Personlege eigenskapar

CNC-operatøren må kunne arbeide nøyaktig, forsiktig, rasjonelt og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og interesse for maskiner og teknologi.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Teknikk- og industriell produksjon / Vg1 elektrofag 
  2. Vg2 Industriteknologi
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Les meir på: vilbli.no

Våre medlemsbedrifter