Helsearbeidarfaget
Helsearbeidarfaget

Helsearbeidarfaget

Sist oppdatert: 26/05/2017

Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta.

Aktuelle arbeidsplassar

Helsefagarbeidaren arbeider i spesialisthelsetenesta, i psykisk helsevern på alle nivå og i institusjonar og varierte omsorgs- og behandlingstilbod i kommunal og privat sektor.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • utøve fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp, med brukaren i sentrum
  • arbeide med helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
  • planleggje  utføre og delta i det totale behandlingsopplegget for pasienten/brukaren
  • arbeide etter gjeldande hygieniske, ernæringsmessige og ergonomiske prinsipp
  • handtere medikament etter gjeldande lovverk
  • journalføre, dokumentere og rapportere

Personlege eigenskapar

Det er viktig med personleg kompetanse i forhold til yrkesutøvinga. Du må kunne bry deg om, vise omsorg og respekt for og ta omsyn til andre menneske. Du bør kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Helse- og oppvekstfag
  2. Vg2 Helsearbeiderfaget
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Etter at du har bestått fagprøve vert det automatisk søkt om autorisasjon som helsefagarbeider. Dette vil skje automatisk, men du må betale eit gebyr på 1665 kroner. Les meir om autorisasjon her

Les meir på: vilbli.no 

Våre medlemsbedrifter