Industrimontørfaget
Industrimontørfaget

Industrimontørfaget

Sist oppdatert: 26/05/2017

Ein industrimontør jobbar med industriell montasje innanfor både landbasert industri, offshoreverft og skipsverft.

Aktuelle arbeidsplassar

Arbeidsplassar for ein industrimontør finst innanfor ei rekkje verksemder som mekanisk industri og kjemi og prosess-, olje-, og skipsbygging. Ein industrimontør jobbar med industriell montasje innanfor både landbasert industri, offshoreverft og skipsverft.

Sentrale arbeidsområde 

  • montering og bygging av maskiner og elektromekanisk utstyr, pneumatiske og hydrauliske komponentar
  • utarbeiding og tolking av tekniske teikningar
  • bruk av maskinelement, måleutstyr, handverktøy og småmaskiner ved bygging og montering
  • reparasjon og vedlikehald av maskinelt og mekanisk utstyr
  • reparasjonssveising og skjering i ulike materiale
  • bruk av ulike festemetodar og skruekoplingar, oljar og smørjeutstyr

Personlege eigenskapar

Ein industrimontør må kunne arbeide planmessig, nøyaktig og effektivt, sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og interesse for teknologi.

Utdanningsveg 

  1. Vg1 Teknikk og industriell produksjon / Vg1 Elektrofag
  2. Vg2 Produksjons- og industriteknikk
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Les meir på vilbli.no

Vår medlemsbedrifter