Industrirøyrleggarfaget
Industrirøyrleggarfaget

Industrirøyrleggarfaget

Sist oppdatert: 26/05/2017

Ein industrirøyrleggar monterer, bøyer og sveiser røyr i ulike materialer.

Aktuelle arbeidsplassar

Arbeidsplassar for ein industrirøyrleggar finst innan ei rekkje verksemder som kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, skipsbygging og treforedling.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • tolking av røyrteikningar og isometriske teikningar
  • handtering av materiale, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding
  • tilverking og prefabrikkering av rør og røyrdelar, montering og samanføying  av røyrsystem
  • kontroll av industrielle røyrsystem ved sertifisering og godkjenning
  • kvalitetssikring og avviksrapportering
  • vedlikehald og feilsøking på verktøy og sveiseutstyr

Personlege eigenskapar

Ein industrirøyrleggar må kunne arbeide planmessig, nøyaktig og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Faget er i kontinuerleg utvikling, og du bør ha omstillingsevne, teknisk og fagleg innsikt, godt handlag og sosial kompetanse.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Teknikk- og industriell produksjon / Vg1 Elektrofag
  2. Vg2 Produksjon- og industriteknikk
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Les meir på : vilbli.no

Våre medlemsbedrifter

  • IP Huse As
  • Rolls-Royce Marine Deck Machinery and Steering Gear - Brattvåg     
  • ServiTech AS
  • Vard Brattvaag                                                                                         
  • Vard Langsten                                                                               
  • Vard Piping                                                                                        
  • Vard Søviknes