Kontor- og administrasjonsfaget
Kontor- og administrasjonsfaget

Kontor- og administrasjonsfaget

Sist oppdatert: 26/05/2017

I Kontor- og administrasjonsfaget lærer du å følge system og rutinar, god orden, effektivitet og service ovenfor både kundar og andre. Du får god kunnskap om bruk av data og IKT-system og du lærer god og presis kommunikasjon.

  • Aktuelle arbeidsplasser

Kontor- og administrasjonsmedarbeidarar jobber i offentlege verksemder, bibliotek, service- og informasjonssentre og i private bedrifter.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • service, kundekontakt og rettleiing
  • skriftleg og munnleg informasjonsformidling
  • kunnskapsorganisering og -flyt i dokument- og informasjonsbehandling
  • innkjøp, budsjett-, rekneskap- og lønnsarbeid
  • kontorstøtte-, administrasjons- og saksbehandlingssystem
  • bruk og vedlikehald av kontorteknologiske hjelpemiddel

Personlege eigenskapar

Ein kontor- og administrasjonsmedarbeidar må kunne arbeide planmessig, systematisk, rasjonelt og effektivt. Det er viktig med god skriftleg og munnleg framstilling både i norsk og framandspråk, og du må kunne yte god service overfor kundane.

Utdanningsveg

  1. Vg1: Service- og samferdsel
  2. Vg2: Sal, service og sikkerhet
  3. Vg3: Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Les meir på vilbli.no

Våre medlemsbedrifter