Logistikkfaget
Logistikkfaget

Logistikkfaget

Sist oppdatert: 26/05/2017

Ein logistikkoperatør arbeider med varetransport. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å laste, losse og klargjere frakt av gods.

Aktuelle arbeidsplassar

Ein logistikkoperatør kan arbeide i transportbransjen og i ei rekkje andre bransjar, som treforedlingsindustri, mekanisk industri, verkstadindustri, metallurgisk industri og annan industri eller næringsverksemd.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • service, informasjon, rettleiing, kundebehandling, kommunikasjon og etikk
  • ordrebehandling, lagerhald og emballering
  • klargjering for forsendingar
  • sikring av gods 
  • vektbegrensing og vektfordeling ved transport
  • effektiv og sikker forflytting av gods og varer
  • handtering og transport av varer som krev spesiell behandling
  • bruk av manuelle og elektroniske verktøy for transport, vareflyt og dokumentbehandling
  • bruk og vedlikehald av teknisk utstyr

Personlege eigenskapar

Ein logistikkoperatør må kunne arbeide effektivt, planmessig, nøyaktig og rasjonelt, både sjølvstendig og saman med andre. Du må kunne yte service overfor kundar.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Service og samferdsel / Teknikk og industriell produksjon.
  2. Vg2 Transport og logistikk
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve.

Les meir på: vilbli.no

Våre medlemsbedrifter