Målarfaget
Målarfaget

Målarfaget

Sist oppdatert: 18/12/2017

Ein målar held ved like, fargelegg, dekorerer og restaurerer innvendige og utvendige overflater i bygningar og konstruksjonar.

Aktuelle arbeidsplassar

Arbeidsplassar finst i små og mellomstore målarbedrifter. Ein del bedrifter legg hovudvekta på meir spesialiserte delar av faget, som til dømes dekorasjonsarbeid og golvarbeid.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • vern, vedlikehald, fargesetjing, dekorering og restaurering av innvendige og utvendige overflater
  • bruk av ulike typar målemateriale, avrettingsmassar, golvbelegg og veggkledningar
  • påføring av måling, lakk og beis
  • oppsetjing av system for veggkledning
  • legging av beleggsystem for golv
  • montasje av profilar og listverk for golv i tørre rom

Personlege eigenskapar

Målaren skal kunne arbeide sjølvstendig, rasjonelt og planmessig. Du må ha gode fagkunnskapar og kunne samarbeide med kundar, leverandørar og kollegaer. Du må vere ordentleg, ryddig og nøyaktig. Å kunne kommunisere godt med menneske frå ulike miljø og kulturar er ein fordel.

Utdanningsveg

1. Vg1: Bygg- og anleggsteknikk
2. Vg2: Overflateteknikk
3. Vg3: Opplæring i bedrift. Sveinebrev etter bestått svenneprøve.


Les meir på: vilbli.no

Vår medlemsbedrift