Motormekanikarfaget
Motormekanikarfaget

Motormekanikarfaget

Sist oppdatert: 12/01/2018

Motormekanikaren arbeider med mekaniske, hydrauliske, trykkluftbaserte og elektriske system. Motormekanikaren skiftar også ut elektroniske komponentar.

Aktuelle arbeidsplassar

Ein motormekanikar arbeider i bedrifter som held ved like og reparerer mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk – til dømes på båtar, verft og verkstader for motorreiskap.

Sentrale arbeidsoppgåver
  • montering, vedlikehald og reparasjon av pneumatiske og hydrauliske anlegg i båtar
  • montering, vedlikehald og reparasjon av elektriske anlegg i mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk
  • val av materiale og tilpassing av detaljar for motorar og maskininstallasjonar med ymse maskiner, utstyr og verktøy
  • bruk av tilgjengeleg datateknologi
  • betening av kunderegister


Personlege eigenskapar

Ein motormekanikar må kunne arbeide planmessig, effektivt og nøyaktig, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og vere fingerferdig. Motormekanikaren har ofte direkte kontakt med kundar, og du bør vere serviceinnstilt og omgjengeleg.

Utdanningsveg

1. Vg1 Elektrofag / Teknikk og industriell produksjon

2. Vg2 Kjøretøy / Industriteknologi

3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Les meir på vilbli.no

Vår medlemsbedrifter