Platearbeidarfaget
Platearbeidarfaget

Platearbeidarfaget

Sist oppdatert: 24/05/2018

Ein platearbeidar formar plater, røyr og profilar, og sett dette saman til større konstruksjonar

Aktuelle arbeidsplassar

Arbeidsplassar for platearbeidarar finst mellom anna innanfor kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, skipsindustri og treforedling.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • vedlikehald og feilsøking på verktøy og sveiseutstyr
  • utføring av arbeidsprosessar etter fastsett metode
  • bruk av alle typar platebearbeidingsmaskiner
  • handtering av materiale, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding
  • samansetjing av delane til større komponentar og konstruksjonar
  • detaljforming av tjukke og tynne plater, røyr og profilar

Personlege eigenskapar

Ein platearbeidar må kunne arbeide nøyaktig, effektivt, rasjonelt og planmessig, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha teknisk innsikt, sosial kompetanse og godt handlag.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Teknikk og industriell produksjon / Elektrofag
  2. Vg2 Industriteknologi
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Les meir på: vilbli.no

Våre medlemsbedrifter