Salsfaget
Salsfaget

Salsfaget

Sist oppdatert: 26/05/2017

Ein salsmedarbeidar jobbar med sal, produktveiledning, kundebehandling og yter service til privatkundar eller bedrifter.

Aktuelle arbeidsplassar

Salsmedarbeidarar jobbar i ei rekkje private og nokre offentlege verksemder. Til dømes i butikkar eller i salsavdeling på større bedrifter.

Sentrale arbeidsoppgåver

• marknadsstrategi, marknadsføring og salsarbeid
• ulike salsmetodar (telefonsal, nettsal, direktesal, meirsal, gjenkjøp)
• kommunikasjon og sosial samhandling
• bruk av teknologiske hjelpemiddel
• inngåande kunnskapar om bedrifta sine produkt 

Personlege eigenskapar

Ein salsmedarbeidar må vere kunde- og serviceorientert, blid og høfleg, kunne ta initiativ, arbeide kreativt og planmessig, både sjølvstendig og saman med andre. God kommunikasjonsevne og sosial kompetanse er avgjerande kvalitetsfaktorar. Du bør vere ryddig, ha økonomisk sans og gode språkkunnskapar.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Service og samferdsel 
  2. Vg2 Sal, service og tryggleik
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve 

Nytt 4-årig tilbud

Hausten 2014 starta Ålesund videregåande skole eit nytt og unikt 4-årig tilbud, der elevene går ut med både fagbrev og generell studiekompetanse. Alle fire åra kombinerast  lære i skule og lære i praksis.

Studiet er spesialtilpassa elevar som ønsker ei fagutdanning og samtidig vurderer å studere vidare etter videregåande. For elevar som likar å lære gjennom praksis er dette eit godt alternativ. Samtidig er studiet teoretisk krevande. Skulen anbefalar ein snittkarakter på minimum 3,5 for interesserte elevar.

Les meir om salsfaget på vilbli.no

Våre medlemsbedrifter