Sveisefaget
Sveisefaget

Sveisefaget

Sist oppdatert: 24/05/2018

Ein sveisar fører metalliske materiale saman ved press eller ved hjelp av varme. Ein sveisar jobbar med å sveise saman metallkonstruksjonar, alt frå små elektronikkdelar til store konstruksjonar.

Aktuelle arbeidsplassar

Som sveisar kan ein arbeide innan kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, skipsbygging og treforedling

Sentrale arbeidsoppgåver

  • arbeide etter arbeidsinstruksjon, teikningar og WPS (sveiseprosedyrer)
  • handtering av materiale, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding
  • utføring av sveiseprosessar etter gitt metode
  • vedlikehald og feilsøking på sveiseutstyr

Personlege eigenskapar

Ein sveisar må kunne arbeide svært nøyaktig, planmessig, rasjonelt og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha praktisk handlag og gode fagkunnskapar.

Utdanningsveg

  1. Vg1 Tip (Teknikk og industriell produksjon / Vg1 Elektrofag
  2. Vg2 Produksjons- og industriteknikk
  3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Les meir på vilbli.no

Våre medlemsbedrifter

  • Brattvåg Mekaniske Verkstad AS 
  • Haram Industrier
  • Midsund Bruk AS
  • ServiTech AS
  • Vard Langsten
  • Vard Søviknes