Opplæringskontoret i Haram

Opplæringskontoret er eit samarbeids- og serviceorgan for bedrifter som tek på seg opplæringsansvar for lærlingar.

Opplæringskontoret i Haram er eit fleirfagleg opplæringskontor og har medlemsbedrifter frå Haram og dei nærliggjande kommunane. Vi teiknar lærekontrakt og følgjer opp lærlingane i bedriftene, det er likevel bedriftene som tilsett lærlingen og har arbeidsgivaransvaret. Opplæringskontoret vil bidra til å gi lærlingane gode faglege utviklingmuligheiter, og gi bedriftene kunnskapsrike og dyktige fagfolk. 

Kontoret har to tilsette.

Dagleg leiar: Marit Håhjem Volstad, 70 21 71 70/ 907 97 267. marit@okharam.no

Opplæringskonsulent: Bjørn-Ove Aaland,  70 21 71 72/ 955 57 368. bjorn@okharam.no


Våre oppgåver

Opplæringskontoret tek på seg mange ulike oppgåver i samband med læretida. Vi ynskjer å bidra til at læretida vert ei lærerik og positiv tid for både lærlingar og bedrifter. Nedanfor ser du nokre av våre oppgåver. 

  • Skriv lærekontrakt og melder lærlingen opp til fagprøva
  • Er eit bindeledd mellom lærling og bedrift
  • Gjennomfører lærlingsamtaler i bedriftene
  • Legg til rette for at lærlingen får dokumentere opplæringa si på Olkweb eller i perm.
  • Arrangerer kurs for lærlingar og instruktørar
  • Ser til at lærlingen får opplæring etter gjeldande læreplanar
  • Vi bistår lærlingar og bedrifter ved fare for heving av lærekontrakta
  • Informerer om fagopplæring og hjelper til med rekrutteringsarbeid
  • Arbeider for betre samarbeid mellom skule og bedrift                        


Styret

Årsmøtet er ansvarlege for å velje eit styre. Opplæringskontorets styre består i dag av seks medlemmar.

Styreleiar

Lars Kaggerud, Mørenot AS

Nestleiar

Greta Stensønes Rogne, Rolls-Royce  Marine, Automation-Longva

Styremedlem

Einar Myklebust, Vard Bratvaag

Petter Sortevik, Haram kommune

Olav Løvoll, IP-Huse

Sunthaharalingam Ravinthrakumar, Vard Søviknes

Vararepresentant

Hilde Marit Fjærstad Fiksdal, Vard Langsten
Norunn Finnøy, Finnøy Gear & Propeller