Bedriftsbesøk på Vard Søviknes

Produksjonssjef Arve Krogsethagen
Produksjonssjef Arve Krogsethagen
Publisert: 17/12/2019

10.klassingar på besøk på Søvikneset

Del gjerne:

Tysdag 10.desember hadde vi med oss 10.klassingane frå Vatne ungdomsskule og frå Hildre Montessoriskulen på bedriftsbesøk på Vard Søviknes. HR Manager Jens Morten Corneliussen og produksjonssjef Arve Krogsethagen fortalte først litt om bedrifta og om komande prosjekt, før elevane fekk orientering om fagopplæring frå OKIH og lærlingar i bedrifta. Elevane fekk deretter omvising på verftet og ombord i cruisebåten av tilsette på verftet. 

Tuva Bjørbekk orienterer om TAF-ordninga

På omvisinga fekk elevane treffe lærlingar og andre fagfolk i full sving med ulike arbeidsoppgåver i hallane og ombord i cruisebåten. Det står fortsatt att mykje arbeid før den er ferdig, så elevane fekk verkeleg sjå at det er mykje arbeid som må til før ein kan ta i mot dei første passasjerane.


Elevane fekk også ein tur innom teknisk avdeling og helse på ingeniørar med yrkesfagleg bakgrunn og fagbrev.  

Opplæringskontoret i Haram har lenge jobba med samarbeidet mellom skule og næringsliv. Vi trur at slike bedriftsbesøk kan gi elevane betre forståing for kva industrien kan tilby, og kan bidra til å opne augene deira for kva dei ulike faga går ut på i praksis.

Vi håper elevane har fått eit godt innblikk i kva yrker eit stort verft kan tilby, og kva muligheiter som er i vårt distrikt. Vi håper sjølvsagt også å sjå att nokre av desse ungdomanne som lærlingar i Vard eller i andre medlemsbedrifter i framtida.  

Tusen takk til Vard Søviknes som tok seg tida til dette i ei hektisk periode!