Fagprøvesamling

Fagprøvesamling 2020
Fagprøvesamling 2020
Publisert: 03/03/2020

Tysdag 3.mars gjennomførte vi vår årlege fagprøvesamling

Del gjerne:

34 lærlingar deltok på fagprøvesamlinga vår på Brattvåg Fjordhotell i dag 3.mars. Samlinga starta med informasjon om forskrift til fag/svenneprøve. Deretter vart lærlingane delt i grupper dei dei fekk snakke med medlemmar frå sine respektive prøvenemnder. Her fekk dei tips og råd om alle dei fire delane av fagprøva. Planlegging, gjennomføring, evaluering og dokumentasjon. 

Bjørn Myklebust orienterer lærlingane i Logistikkfaget


Målet med samlinga er å gi lærlingane våre god informasjon om korleis fagprøva vert gjennomført og kva som vert forventa av dei, både praktisk og skriftleg. Det er også viktig at lærlingane får helse på prøvenemndene, og på denne måten bidra til å ufarleggjere prøvesituasjonen. Torsdag 5.mars vil vi arrangere ei liknande samling for våre læringar i kommunale fag.

Lærlingane i platefaget og i sveisefaget får orientering med Holger Dyrli

Etter lunsj fekk vi besøk av representantar frå NTNU i Ålesund og Teknisk fagskole som orienterte om muligheitene ved vidare skulegang.

Asbjørn Nesse orienterer om tilbodet på Fagskolen i Ålesund
Silje Cathrin Skarbø Ulvestad fortalde om sin utdanningsveg frå fagarbeidar til avdelingsledar

Vi satsar no på at alle lærllingane har fått den informasjon dei treng om fagprøva, og vi vil ynskje alle lukke til med gjennomføringa av prøva seinare i år!

Stor takk til alle representantane frå prøvenemndene, bedrifter og skular som tok seg tid til å besøke oss i dag.