Fagprøvesamling for Helse og oppvekstfag

Lunsj på Brattvåg Fjordhotell
Lunsj på Brattvåg Fjordhotell
Publisert: 06/03/2020

Fagprøvesamling for våre lærlingar i Helse og oppvekstfag

Del gjerne:

5.mars arrangerte vi fagprøvesamling for våre lærlingar i Helse og opvekstfag. Samlinga starta med at vi fekk besøk av Jeanett Rogne Johansen frå Din fremgang. Ho tok oss med på Sprek 365 der ho orienterte oss om fordelane med å halde seg fysisk aktiv. Lærlingane skal ut i yrker som både er fysisk og mentalt krevjande, og trening kan bidra til både betre fysisk og betre mental helse. Etter orienteringa fekk lærlingane prøve seg i styrkesalen. Der viste Jeanett oss ulike øvelsar som styrkar kjernemusklaturen og kan bidra til å forebygge belastningsskadar og ryggskader.  

Jeanett Rogne Johansen frå Din fremgang

Etter morgenøkta fekk vi besøk av Ann Kristin Berg frå Ålesund kommune som orienterte om organiseringa av dei ulike omsorgsdistrikta i den nye storkommunen, og om kvar det er planlagt å lyse ut stillingar som lærlingane kan søke på framover.

Ann Kristin Berg frå Ålesund kommune

Etter lunsj var det fokus på fagprøva. Målet med denne økta var å gi lærlingane våre god informasjon om korleis fagprøva vert gjennomført og kva som vert forventa av dei, både praktisk og skriftleg. Dei fekk først ei generell orientering om retningslinjer om fagprøva, før dei fekk møte representantar frå prøvenemndene i sine fag. Camilla Kleppe Eidså tok seg av lærlingane i Helsearbeidarfaget og Jorunn Oppstad Heggdal orienterte lærlingane i Barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lærlingane var engasjerte og hadde mange gode spørsmål gjennom heile økta. 

Vi håper denne samlinga bidrog til at lærlingane veit litt meir kva som ventar dei, og vi ynskjer alle lukke til med gjennomføringa av fagprøva!