Lærlingsamling på Finnøy

Finnøy
Finnøy
Publisert: 05/09/2019

Lærlinglivet- nye krav og nye muligheiter

Del gjerne:

3.-4. september inviterte vi alle våre lærlingar til lærlingsamling på Finnøy Havstuer. På programmet stod både bedriftsbesøk, ulike foredrag og sosiale aktivitetar. På dag 1 var alle lærlingane samla og vart ynskt velkommen av Sandøy ordførar Oddvar Myklebust. Han gav ei interessant innføring i kommuna si historie. Anita Øen, einingsleiar og rektor i Sandøy kommune, fortsette med innlegg om arbeidsmiljøet og kven som har ansvaret for godt arbeidsmiljø. 

Oddvar Myklebust

Oddvar Myklebust
Øyvind Vebenstad
Øyvind Vebenstad
Etter lunsj fekk vi besøk av Øyvind Vebenstad som fortalte om livsmestring og motivasjon. Med sine erfaringar frå arbeidet i politiet og seinare som arrangementansvarleg i Aafk, leverte han eit veldig inspirerande foredrag som traff målgruppa godt. 
Etter ein kort matbit var det klart for ulike sosiale aktivitetar. Deriblant rebusløp, øksekasting og tautrekking. Nokre fann også tid til ein liten dukkert i bassenget før det vart servert taco til middag.



På dag to vart lærlingane delte i to grupper. 1-års læringane vart ynskt velkomne som lærlingar i OKIH av styreleiiar Lars Kaggerud, dei fekk orientering om rettar og plikter som lærlingar og fekk orientering om bruk av Olkweb. Dei fekk også snakke litt om sine forventningar til læretida. 

2-års lærlingane fekk besøk av Bente Brunn frå Fagskolen i Ålesund som heldt eit innlegg om personleg økonomi. Dei fekk i tillegg informasjon om Yrkes NM, lærlingundersøkinga, tips til jobbsøking og til slutt kunne Magne Runar Harnes frå IP Huse fortelje litt om lærlingordninga sett frå bedriftene si side. 

Begge gruppene fekk også besøke Finnøy Gear og Propeller og vi takkar for at vi fekk komme på besøk med så mange lærlingar!

Vi håper lærlingane har hatt to lærerike dagar på Finnøy og at dei har fått sjansen til å verte betre kjent med kvarandre.


Fleire bileter vert lagt ut på vår facebook side.